Minneord over Ingolf Skogland.

Nok ein gong må me med sorg i hugen konstatera at ein god ven ikkje lenger er mellom oss, i dei levandes land.

Det vert med andre ord lengre og lengre mellom» stabbesteinane» langs livets mangslungne, travle og harde landeveg (livsveg). 18/2-2016 døyde Ingolf Skogland etter lengre tid med sviktande helse.

Eg vart kjend med Ingolf då ungane mine var små. Både han og eg dreiv med sau. Eit år forsynte «Mikkel» seg grovt av lamma våre, mine på kulturbeite i Førre, og hans på leigd beite i Bratthammar.

Då «den larven», som Ingolf kalla Mikkel, hadde reist av garde med eit sneis av lamma våre, kom desse orda frå jaktmannen: «Nå får du som er skrivefør søka fellingsløyve, så skal eg lada børsa!»

Me fann bolet til reven ved Steinsfjellet, og 2 kvelpar + revetispa laut bøta med livet. Resten av sumaren fekk lamma våre beite i fred.

Ungane mine gav Ingolf kallenamnet: «Revamannen», ja, til og med kona adopterte det namnet (namnet skjemmer ingen!).

Det vart etter kvart mange og lange telefonsamtalar mellom Ingolf og meg om både laust og fast. Han var ein ukueleg optimist, og det vanta ikkje på morosame og gode kommentarar. Han hadde det me alle burde ha: glimt i auga – tufta på ekte, varm nestekjærleik!

Sist vår vart det smått med mat åt dyra våre, og me laut kjøpa fôr til ein heller høg pris. Seint ein kveld sist haust ringjer telefonen. Det er stemma til Ingolf i den andre enden: «Har du sikra våren?

Me kan ikkje gå på den smellen me gjorde i fjor ein gong til, difor har eg eit kjempegodt tilbod til deg: Du kan få kjøpa ein trailer med fint høy frå Sverige!» Eg stussa litt, men han heldt fram: «Sov på det eit par netter så ringjer eg deg attende for eit positivt svar». Slik vart det, og 2 veker etter hadde eg 5,5 tonn fint høy på reservelager. Ingolf hadde alltid omtanke for andre, at dei skulle ha det godt både folk og dyr.

Eg er svært takksam for at eg fekk læra Ingolf å kjenna Han hadde som «valspråk»: «Me må jo hjelpa kvarandre dersom me kan, me kan jo ikkje berre vere egoistar!». Eg tek og med siste gongen han vitja meg. Han såg framover og skulle kjøpa nokre fjorlam av meg. Dyra var ute på kulturbeite, ca. 600 meter frå løa mi.

Eg fekk lokka han oppi traktoren min, og han nærast hang over meg – med halve ræva på eit lite barnesete på venstresida mi. «Ja, går detta vel, då går allting vel», let han om. Då me endeleg var nede ved løa att, takka han for turen med desse orda: «Detta er den verste køyreturen eg nokon gong har vore med på, og eg håpar det ikkje vert fleire av dette slaget!»

Ingen av oss visste då at det skulle gå «troll i ord». Saknet etter Ingolf vil me som fekk kjenne han, kjenna på i lang tid framover.

Mine tankar går til kona, Lillian! Trøyst deg med at dei lyse og gode minna ikkje vert grovne ned på kyrkjegarden, dei kan du ta fram att kvar dag når kvardagen og einsemda kjem snikande. Og hugs: «Sel er den mann som døyr i Herren, for han har alltid det beste i vente!» Me lyser fred over Ingolf sitt lyse og gode minne!

Per Magne Førre