Jan Einar Eng

Ein markant personlegdom i Kviteseid har gått bort.

Jan Einar Eng vart fødd i Skudeneshavn på Karmøy 09. februar 1947. Han kom til Kvitsund som rekneskapsførar i 1968 og fekk gjennom åra ein variert yrkespraksis på mange arbeidsfelt i Kviteseid. Alle kalla han berre «Jan Einar»; ein mann som vart eit positivt uttrykk for innsats, velvilje, omsorg og kristen tru. Jan Einar fekk ein alvorleg sjukdom som blei konstatert i 2011. Han døydde 31. juli og vart gravlagd frå ei fullsett kyrkje i Kviteseid 5. august 2016.

Jan Einar voks opp på Neset i Skudeneshavn. Han var eldst i ein syskenflokk på fem og opplevde eit aktivt heimemiljø der faren og onkelen dreiv sildesalteri og frakteskute. Han miste far sin då han var 13-år og reiste tidleg ut. Først tok han skulen på Tryggheim som 16-åring. Seinare følgde handel- og kontorutdanning på Drottningborg og bibelskule på Fjellhaug.

I Kviteseid møtte han Liv Grete Nørstrud. Dei gifte seg i 1971 og fekk døtrene Gunvor Merethe (f. 1972) og Silje Gunlaug Yun (f. 1981). Jan Einar gjekk raskt inn i Nørstrud-forretninga og tok del i arbeidet med å utvikle bedrifta. Med sitt milde vesen og sin sosiale legning kom han etter kort tid til å bli ein sentral del av livet i Kviteseid sentrum.

I åra frå 1994 til 2011 var Jan Einar Eng kyrkjeverje i Kviteseid; den første tida i kombinasjon med forretningsdrift, seinare i full stilling. På dette feltet la han grunnlag for å forme gode kontorrutinar og skape eit triveleg arbeidsmiljø.

Heilt frå Jan Einar kom til Kvitsund var han engasjert i kristeleg arbeid. Han gjekk inn i bibelgrupper, sundagsskule og yngresforening. I over 30 år hadde han leiaransvar i Kviteseid

Normisjon, som var knytt til det nye Misjonshuset i Kviteseid. Huset vart innvigd i november 1990. Jan Einar var ein sentral organisator og inspirator i byggingsarbeid og finansiering. Han var også aktivt med i Kviteseid KrF, i kommunestyre og formannskap, i næringslag og styret i Arbeidssamvirke. For sin store innsats i kultur og lokalsamfunn fekk Jan Einar Eng i 1996 kulturprisen i Kviteseid kommune.

Noko av det som familie, vener og bygdefolk vil hugse best etter Jan Einar vil vere hans optimisme og overskot. Han var tolmodig og venleg i sin sjukdom. Han brydde seg om familien og bygda. Han var roleg, lyttande og diplomatisk i samarbeid med andre. Han hadde godt humør og snakka aldri vondt om medmenneske. Jan Einar Eng bar eit ljos i sitt indre. Han tente Herren og folket med glede!

Olav Mosdøl